Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

SSC Roadtrip 5 – Trollstigen

søndag, august 24, 2025 @ 09:30 - 17:30

Søndag 24. august legg Seaside Custom ut på SSC Road Trip #5. Ut på tur saman med andre motorentusiastar på 2, 4 og fleire hjul.
Her er det vegen som er målet!
Bli med oss på årets Road Trip rute som er nøyaktig same rute som vi forsøkte å få til i fjor, om Trollstigen. I 2024 vart vegen stengt grunna rassikring, og vêret var heller ikkje på vår side. Etter planen skal Trollstigen opne 14. juli i år, så då tenker SSC at køen har lagt seg og at folket er tilbake frå ferie i slutten av august.
Møt opp på dei ulike destinasjonane i reiseruta og slå følge med oss. (Sjå reiserute tabell).
Reiseruta er lagt opp med ulike stopp. Dette for å plukke opp evt. fleire deltakara på turen, og ikkje minst samle «troppane» om noko skulle ha prata seg vekk eller på anna vis komt litt bakpå under vegs. Kaffi, drivstoff, WC og studie av dei ulike doningane er også sjølvsagt under dei ulike pitstopa.
Kjekt om du også legg deg på hjul å slår følge med oss!

Detaljer

Dato:
søndag, august 24, 2025
Tid
09:30 - 17:30
Kategorier for Arrangement:
, ,

Arrangør

Seaside Custom

Sted

Trollstigen
Trollstigen
Innfjorden, Møre og Romsdal 6300 Norway
+ Google-kart