Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

Saab Treff Nordfjord 2026 – Loen

fredag, august 21, 2026 @ 18:00 - søndag, august 23, 2026 @ 12:00
Info om påmelding på slutten av beskrivelsen.
Nordfjord Saabklubb har igjen gleda av å invitere deg og dine, og gjerne ein bil eller to, til Saab-treff 2026 i Loen 21-23 august. Ei helg full av flotte bilar og kjekke folk i alle aldre – rett og slett Saabsosialt!
Som navnet tilseier, så tek vi heile Nordfjord i bruk til våre treff, og denne gong legg vi det til indre Nordfjord, nærmare bestemt i Loen Bygdehus.
For dei som var med på IntSaab i 2015 kjenner nok til plassen, som har gode fasilitetar og plass til mykje bil og folk.
Endeleg program kjem seinare når vi har spikra dette.
Men det blir grilling fredag, nydeleg tur lørdag i flottaste vestlandsnatur og god festmat lørdagskveld. Og kanskje blir det litt leik og moro også.
I Loen finst mange måtar å få overnatting på. Husk gjerne å bestille overnatting allereie no for å sikre plass, sjølv om august er utanfor storsesongen. (sjå alternativ nedanfor).
Overnatting finst i gåavstand til hytter:
https://www.lo-vik.no/ (post@lo-vik.no, tlf: 45856300).
Hytteeigar foretrekk helst å bli kontakt på mail.
Hotell: https://www.alexandra.no/en/frontpage.aspx, eller https://www.loenfjord.no/norsk/forside/
Dette er alternativer som er litt meir kostbare. Ikkje sjekka tilgjenge på desse.
Ellers finnes det hytter og hotell i nærområdet (Stryn, Olden) om det skulle bli fullt. Vogn, telt, bobil kan plasserast i nærleiken til lokalet. Gje oss gjerne beskjed om du treng plass til dette.
Påmelding:
Send en sms til nr 90960316 eller oystein.torheim@gmail.com.
Husk med navn på antall deltakarar og om du/dokke skal vere med på festmiddag lørdag kveld.
Pris 400,- for festmiddag og dessert +++. Betales på vipps ved ankomst og registrering.
Overnatting betalast sjølvsagt utenom til utleigar eller hotell.
Set av datoen allereie no. Dette blir stas. Godt vær er bestillt.
Ta kontakt for eventuelle spørsmål.

Detaljer

Arrangør

  • Øystein Torheim, Jim Tennebø and 5 others

Sted

  • Loen Bygdehus
  • Fjordvegen 1141
    Stryn,Vestland6789Norway
    + Google-kart